Nå har me jo allereie prata om å vera normal, så eg tenkjer det er på tide å snakka om å vera perfekt.
Eg meiner, det må jo vera to forskjellege ting?
Det perfekte mennesket sett aldri mat fast mellom tennene, prompar ikkje, pussar ikkje nasen, slit ikkje mentalt, kjenner igjen alle han/ho har møtt og hugsar namna deira, et fem frukt kvar dag, tenkjer på miljø og fattige heile tida, får tid til å balansera heile livet sitt utan problem, kan lesa, kan skriva, kan spela eit instrument, kan symja, kan stå på ski, trenar minst ein gong i veka, angrar ikkje på noko han/ho har gjort tidlegare, kjenner seg sjølv inn og ut, har sett kven menneska rundt seg eigentleg er, får alltid til å hjelpa dei som treng det, drikk seg aldri for full, blir ikkje sjuk, har sixpack, treng ikkje bruka kosmetiske produkt for å sjå og KJENNA seg bra, ryddar og vaskar alltid opp etter seg med ein gong, har ei døgnrytme som er tilpassa samfunnet si, bit ikkje negler, røykjer ikkje, kan litt av alt og eit par ting ekstra godt, har spesiell utstråling sånn at alle legg merke til han/ho, seier aldri feil, blir aldri mistolka, seier aldri vitsar som ingen ler av, har klare meiningar om mykje omtalte saker, har forståing for alt, klarar alltid å tilgi, klarar alltid å seie unnskyld, gret både av glede og av sorg, er passe mystisk, er passe lett å kome inn på, har ikkje oppsiktsvekkande latter, gir komplimentar, er ærleg og hensynsfull på ein gong, har kjærast, har ei lysande framtid og/eller fortid, kan alltid låna vekk mobiltelefonen sin, helsar fint på naboen sin, sett alltid fram søppeldunken for tømming, veg ikkje for mykje og ikkje for lite, treng ikkje hjelp til noko, dømmer ikkje menneske på førehand, brukar aldri pengar han/ho eigentleg ikkje kan bruka, seier aldri noko som er politisk ukorrekt, kan laga mat, kranglar ikkje over småting, er aldri plagsom og veit svaret på alt det folk spør om.
Dette veit eg etter å ha studert adferd hos generelle menneske i fleire år. Dette burde vera det generelle mennesket sin draumepartner.
tirsdag 8. januar 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar