Kvar kjem denne stadige hungeren etter å skilja seg ut frå? Kva er det folk er redde for? Å vera normale?
Trur ikkje folk kan sjå forskjell på deg og naboen din, sjølv om de er av same sort, du og han?
Kven er disse som er så overlegne, som trur dei er betre enn dei andre? Var det dei som går på Kongsgård, seier du? Eller var det St. Svithun? Kven er disse menneska trur dei har fått til å bli noko som andre ikkje er, som trur dei har rett til å peike ut kven som er eit medlem av mengda og ikkje, kven som har klart og kven som har feila? Kven er dei, som trur at dei har rett til å generalisera, og som ler når dei gjer det, høgt eller inne i seg?
Kva er normalt?
Er normalt jamnstilt med keisamt?
Er dei som er normale dei som høyrer på listepop? Dei som ser amerikanske storfilmar på kino? Dei som les Da Vinci-Koden, Harry Potter og Naiv. Super.? Dei som heiar på Manchester United eller Liverpool? Dei som brukar MSN og er medlem av Facebook? Dei som går med Palestinaskjerf? Dei som handlar på IKEA og Hennes & Mauritz? Dei som drikk produkt frå Coca Cola Company? Dei som feirar jul? Dei som har iPod? Dei som ser på Heroes og Scrubs? Dei som reiser på ferie til Syden? Dei som mislikar George Bush?
Er du normal? Du som pussar tennene to gonger til dagen? Som går på skule eller arbeider i kvardagane? Som ser på TV når du vil slappa av? Som pyntar til høgtidar og ryddar når du tykkjer det er rotete nok? Som har eller vil skaffa deg lappen? Som kan engelsk over middels bra? Som er lei av eitt eller anna i livet ditt? Som av og til stemmer ved val? Som trykkjer på maskin? Som pratar om andre menneske bak deira rygg?
Er det normalt å vera ubevisst?
Eller er det dei som ikkje er seg sjølv, enten fordi dei ikkje vil vera som alle andre, eller fordi dei vil passa inn, som er normale?
Er generalisering det mest normale av alt?
torsdag 3. januar 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar