USA slepp ut 1000 tonn CO2 kvart 5,4. sekund.
Russland slepp ut 1000 tonn CO2 kvart 22. sekund.
Canada slepp ut 1000 tonn CO2 kvart minutt.
Australia slepp ut 1000 tonn CO2 kvart 1,5. minutt.
Brasil slepp ut 1000 tonn CO2 kvart 1,7. minutt.
Polen slepp ut 1000 tonn CO2 kvart 1,8. minutt.
De Forenede Arabiske Emiratene slepp ut 1000 tonn CO2 kvart 5,6. minutt.
Israel slepp ut 1000 tonn CO2 kvart 7,6. minutt.
Kina slepp ut 1000 tonn CO2 kvart 9,2 minutt.
Noreg slepp ut 1000 tonn CO2 kvart 9,5. minutt.
Sverige slepp ut 1000 tonn CO2 kvart 10,1. minutt.
Somalia slepp ut 1000 tonn CO2 kvar 277,8. time.
Ekvatorial Guinea slepp ut 1000 tonn CO2 kvar 2.2. dag.
San Marino og Vatikanstaten slepp ut 1000 tonn CO2 kvar 11,6. dag. FORDI DEI SKJULER SEG BAK ITALIA, SLEIPE MENNESKA. Eg forstår ikkje kvifor dei skulle trenga å sleppa ut CO2 i det heile tatt.
Sidan eg byrja å skriva dette, har 1000000 tonn CO2 blitt sleppt ut i verda.
fredag 18. januar 2008
tirsdag 15. januar 2008
...om rare kart?
Ein ny nettside/blogg eg kom over her om dagen handlar faktisk akkurat om det: rare kart.
Dvs. sei kart som er ukorrekte, kart som er lagd ukorrekte for å visa noko, kart som er laga av merkelege material, kart som inneheld morosam informasjon osv.
Det er fantastisk. Og heilt sikkert meir interessant enn du trur.
Sjå her, du.

tirsdag 8. januar 2008
om å vera perfekt?
Nå har me jo allereie prata om å vera normal, så eg tenkjer det er på tide å snakka om å vera perfekt.
Eg meiner, det må jo vera to forskjellege ting?
Det perfekte mennesket sett aldri mat fast mellom tennene, prompar ikkje, pussar ikkje nasen, slit ikkje mentalt, kjenner igjen alle han/ho har møtt og hugsar namna deira, et fem frukt kvar dag, tenkjer på miljø og fattige heile tida, får tid til å balansera heile livet sitt utan problem, kan lesa, kan skriva, kan spela eit instrument, kan symja, kan stå på ski, trenar minst ein gong i veka, angrar ikkje på noko han/ho har gjort tidlegare, kjenner seg sjølv inn og ut, har sett kven menneska rundt seg eigentleg er, får alltid til å hjelpa dei som treng det, drikk seg aldri for full, blir ikkje sjuk, har sixpack, treng ikkje bruka kosmetiske produkt for å sjå og KJENNA seg bra, ryddar og vaskar alltid opp etter seg med ein gong, har ei døgnrytme som er tilpassa samfunnet si, bit ikkje negler, røykjer ikkje, kan litt av alt og eit par ting ekstra godt, har spesiell utstråling sånn at alle legg merke til han/ho, seier aldri feil, blir aldri mistolka, seier aldri vitsar som ingen ler av, har klare meiningar om mykje omtalte saker, har forståing for alt, klarar alltid å tilgi, klarar alltid å seie unnskyld, gret både av glede og av sorg, er passe mystisk, er passe lett å kome inn på, har ikkje oppsiktsvekkande latter, gir komplimentar, er ærleg og hensynsfull på ein gong, har kjærast, har ei lysande framtid og/eller fortid, kan alltid låna vekk mobiltelefonen sin, helsar fint på naboen sin, sett alltid fram søppeldunken for tømming, veg ikkje for mykje og ikkje for lite, treng ikkje hjelp til noko, dømmer ikkje menneske på førehand, brukar aldri pengar han/ho eigentleg ikkje kan bruka, seier aldri noko som er politisk ukorrekt, kan laga mat, kranglar ikkje over småting, er aldri plagsom og veit svaret på alt det folk spør om.
Dette veit eg etter å ha studert adferd hos generelle menneske i fleire år. Dette burde vera det generelle mennesket sin draumepartner.

torsdag 3. januar 2008
OM ULTRALYD?
Torsdag 17. januar speler Ultralyd på Cementen scene.
Det er ein torsdag, klokka 21.00. Ultralyd er fantastisk. Difor, burde alle vera der.
Kva meir skal eg seie? Det går jo an å lesa på MySpace-sida deira sjølv.
(www.checkpoint.no)

om å vera normal?
Kvar kjem denne stadige hungeren etter å skilja seg ut frå? Kva er det folk er redde for? Å vera normale?
Trur ikkje folk kan sjå forskjell på deg og naboen din, sjølv om de er av same sort, du og han?
Kven er disse som er så overlegne, som trur dei er betre enn dei andre? Var det dei som går på Kongsgård, seier du? Eller var det St. Svithun? Kven er disse menneska trur dei har fått til å bli noko som andre ikkje er, som trur dei har rett til å peike ut kven som er eit medlem av mengda og ikkje, kven som har klart og kven som har feila? Kven er dei, som trur at dei har rett til å generalisera, og som ler når dei gjer det, høgt eller inne i seg?
Kva er normalt?
Er normalt jamnstilt med keisamt?
Er dei som er normale dei som høyrer på listepop? Dei som ser amerikanske storfilmar på kino? Dei som les Da Vinci-Koden, Harry Potter og Naiv. Super.? Dei som heiar på Manchester United eller Liverpool? Dei som brukar MSN og er medlem av Facebook? Dei som går med Palestinaskjerf? Dei som handlar på IKEA og Hennes & Mauritz? Dei som drikk produkt frå Coca Cola Company? Dei som feirar jul? Dei som har iPod? Dei som ser på Heroes og Scrubs? Dei som reiser på ferie til Syden? Dei som mislikar George Bush?
Er du normal? Du som pussar tennene to gonger til dagen? Som går på skule eller arbeider i kvardagane? Som ser på TV når du vil slappa av? Som pyntar til høgtidar og ryddar når du tykkjer det er rotete nok? Som har eller vil skaffa deg lappen? Som kan engelsk over middels bra? Som er lei av eitt eller anna i livet ditt? Som av og til stemmer ved val? Som trykkjer på maskin? Som pratar om andre menneske bak deira rygg?
Er det normalt å vera ubevisst?
Eller er det dei som ikkje er seg sjølv, enten fordi dei ikkje vil vera som alle andre, eller fordi dei vil passa inn, som er normale?
Er generalisering det mest normale av alt?

Abonner på:
Kommentarer (Atom)