mandag 24. desember 2007

om jul og modernitet?

Det er moderne å skriva om kva ein ikkje likar med jula, eller kva som er feil med jula i det moderne samfunnet. Eg skal kasta meg på den bølgja, i alle fall litt. Ikkje fordi eg er ein av dei som har noko imot jula. Eg synast pinnekjøt og ribbe er godt begge delar, og eg storkosar meg saman med min ikkje-alkoholiserte familie (berre vin til maten og ein dram til dessert), og eg er takksam for gåvene, sjølv om eg må bruka masse pengar og tid på dei eg får gåvene frå sjølv. Ikkje har eg noko imot julelysa i byen heller, sjølv om eg er einig i at nokre butikkar overdriv som bare det med nissar, glitter, tull og tøys. Og snø. Kva har forresten snø med jul å gjera, den siste kvite jula eg kan hugsa (som Stavanger-innbyggjar), var for over 10 år sidan. Eg syns dette regnet burde erklærast som nytt julesymbol, det kjem ikkje til å koma snø her igjen, det er berre å innsjå det.

EG ERKLÆRER SNØ EIT IKKJE-JULESYMBOL.


Vidare. Det som plagar meg med jula, er den stadige asfyksieringa eg blir utsatt for uansett kvar eg er. For det første er det umogleg for meg å røra meg i byen eller i kjøpesentre med min plutseleg slåande menneskeangst. Dei er overalt, og eg som ikkje når over alle andre ettersom hovudet ikkje står 1,90 m. over bakken, blir kvelt. Spesielt når eg blir pressa mellom to familiemødre med kredittkort som tydeleg har kjøpt alle gåvene på under ein time - med meir enn hundre store posar i kvar hand når dei passerer kvarandre, plasserer dei meg ufrivillig i midten av dei og posane, ein midten så liten som ingenting. Eg blir kvelt. Eg veit ikkje kvifor disse damene, disse udyra eg bare ser i desember, alltid skal angripa meg, men det SLÅR ALDRI FEIL.

I dag, sjølve Julafta, blei eg òg kvelt. Eg trudde så klart at eg var trygg, her i huset til min kjære mor, saman hennar familie samt eit par andre meir eller mindre kjende menneske som stort sett verkar ufarlege. Men nei. Kveling heile vegen til gåveopninga er ferdig. Eg prøvde å gå igjennom kjøkkenet, frå soverommet til stua, eller kanskje omvendt. Det gjekk ikkje. Julemiddagen tok nesten knekken på meg. Det var kalkun. Den hadde gjort lufta ugjennomtrengeleg, og eg fekk ikkje puste. Eg måtte kasta meg mot næraste vindauge, opna det, og trekkja inn så mykje halvrein eksosluft eg kunne medan eg hosta som om eg hadde bronkitt.

Så var det gåveopninga. Den har ikkje byrja endå, men eg kjenner til konseptet, vil du ikkje tru? I dag går alt ut på å skjenka dei minste med store, store gåver pakka inn i mengder med papir. Det er plastikkvesen, plastikkting, båtar, folk, dyr, hus - alt i plastikk. Plastikkting brukar merkeleg stor plass, tykkjer eg. Det er fordi dei er plassert i papp. Så gåvene blir store, og for å gjera det ekstra gøy (les: vanskeleg) for dei små, har me ekstra masse papir rundt plastikken. Difor, mine kjære vener (og uvener), når dei små pakkar opp og eg sit der med mine beskjedne konvoluttar med litt for lite beskjedne innhald, endar eg til slutt opp i ein stor haug med papir og trådar, eg gløymde trådane, og eg held på å bli kvelt, og eg tenkjer at eg faktisk hadde vore ein av dei som hadde likt den moderne jula, om det ikkje hadde vore for julestresset, kalkun og plastikk pakka inn i papp og papir.

Ei gledeleg jul til de alle.

Ingen kommentarer: